tirsdag 5. april 2016

Jernrosa blomstrer

Jernrosa politiske litteraturfestival arrangeres i odda 29 og 30. april 2016. Velkommen!
Noen dager etter at Jernrosa var plassert på Smelteverkstomta kjørte jeg bortom med scooteren. For å beskue. Reflektere. Forstå verket. Historien. Plasseringen. Utformingen. Håndtverket. da jeg kom dit sto det allerede en mann og betraktet den smijernsrosa.

En drøy time inn i samtalen presenterte vi oss for hverandre. Jeg hadde møtt Lars Ove Seljestad og han ble kjent med den nye kultursjefen.

8 måneder, og mange herlige møter og telefonsamtaler senere, sender jeg festivalsjef Lars Ove fem spørsmål.

Her kan dere lese om hvordan Jernrosa politiske litteraturfestival ble skapt, utviklet og nå bidrar til at kulturtilbudet i Odda blir enda rikere og mer mangfoldig.



1: Del noen tanker med oss om hva du mener med politisk litteratur?


For meg er etablering av Jernrosa Politiske Litteraturfestival eit ønske om å etablera ein festival for litteratur som bryt med det litterære og kulturelle hegemoniet som dominerer litteratur-Norge.


JERNROSA Politisk Litteraturfestival må sjåast som eit forsøk på å løfta frem dei litterære stemmene som er "politiske" i den forstand at dei skriv om tema og utifrå ei livserfaring og ein ståstad i samfunnet vårt som skil seg frå den urbane, internasjonale middelklassekulturen, som er den hegemoniske kulturen i vårt samfunn, og som bidrar til å usynlegjera og undertrykka andre litterære stemmer og tematikkar.


Når det gjeld utrykket "politisk" spesifikt knytt til JERNROSA  Politisk Litteraturfestival, som er den einaste litteraturfestivalen eg kjenner til, som har dette ordet med i namnet sitt, tenker eg følgjande: Først og fremst er det viktig for meg å understreka at det ligg ingenting partipolitisk i dette namnevalet frå mi side. Mitt ønske har vore å signalisera at JPL er politisk på same måte som det å delta, meina noe, ta stilling til sentrale spørsmål og utfordringar i samfunnet vårt.


Ein kunne seia at eg tenker politikk, nærmast slik vi, i dag, trur at dei gamle grekarane, såg på politikk. For dei var deltaking i samfunnet, som dei kallaPolis, opphavet til vårt ord politikk, ei rettigheit og ei plikt for alle frie,mannlege borgarar. Diverre omfatta ikkje denne forståinga, den gongen, kvinner, eigedomslause og slavar.


Eit sams kjenneteikn for forfattarane som er inviterte til den aller første JERNROSA Politisk Litteraturfestival er at dei fleste av dei er vaksne opp i distrikts-Norge; i småbyar, byar og tettstader rundt om i landet vårt. Fleire av dei har også oppvekstar i det ein kunne kalla industristadar, eller oppvekst  som born av arbeidsfolk og småbrukarar.


Eg trur difor at dei snakkar eit språk som vil kunna treffa oddingane heime.
Fra avdukning av Jernrosa august 2015.
2: Fortell litt om bakgrunnen for at nettopp Jernrosa ble "bildet" på din politiske festival?


Det er to hovudgrunnar til det: Den eine er det konkrete forelegget i den spontane solidaritetsaksjonen som oppstod under Nordisk Smedfestival i Odda 11.-13. august 2011. Prega av terrohandlingane i Oslo og på Utøya berre få veker tidlegare, gjekk nordiske og internasjonale smedar saman om å smi jernroser mot vald og terror. Seinare fekk jo denne spontane aksjonen eit etterspel gjennom at den svenske smedforeinga og Arbetarnes Bildningsförbund, samla inn pengar og smidde verdas største jernrose. Ei jernrose som dei ønskte å gi som solidaritetsgåve til det norske folket ved Odda Smedforening.


Jernrosa blei avduka i august i fjor, og står no utstilt mellom Smeltehuset og Oddasmia, og går så og seia, rett inn i det som er det materielle kjerneområdet for JERNROSA Politisk Litteraturfestival.


Det andre forelegget er å finna i arbeidarrørslas historiske bruk av den raude rosa som symbol på solidaritet og samhald, og den almenne bruken av den raude rosa som symbol på kjærleik.


Under framveksten av tysk nazisme på 1930-talet, etablerte søskenparet Scholl motstandsorganisasjonen Den kvite rose. Det kosta dei båe livet, men gav opphavet til ein sentral motstandsorganisasjon mot fascisme og nazisme som levde lenge etter dei.


Legg ein dette saman, får ein symbolet JERNROSA, som sameiner kjærleik, motstandskamp mot fascisme og nazisme og arbeidarrørslas kamp for solidaritet og likestilling.


Og, må eg få legga til, symbolet JERNROSA sameinar venleiken til den levande rosa med styrken og seigheita til det handsmidde jarnet.

3: Hva legger du i ordet “mening”?


Meininga med liva våre er ikkje gitt på førehand. Det er vår oppgåve som levande vesen å skapa denne meininga sjølv, i våre eigne liv. Eg gjer det på min måte. Andre får gjera det på sin måte. For meg gjer det meining å skriva bøker, å arbeida med litteratur, å delta i samfunnet, seia frå om kva eg held for rett og kva eg held for nonsens. For meg gir det meining i å arbeida for at alle skal få like rettar til å utvikla seg, ta seg til rette i samfunnet vårt, uavhengig av kor dei kjem frå eller kva bakgrunnar dei har.


Eg er motstandar av eit adelssamfunn der noen folk er født med særeigne rettar til posisjonar i samfunnet.


Eg er for demokrati, for mangfald og at alle skal ha like stor rett til å utvikla seg, delta i samfunnet,forma sine liv slik dei ønsker det. Og eg er for at både høg og lav skal hørast og repekterast for sine synspunkter. Også om dei bryt med makta, eliten og kapitalen sine synspunkt. Eller kanskje særleg då.

4: Hva er det aller helst vil vi se tilbake på - etter Jernrosafestivalen 2016 - og tenke: Det fikk vi jaggu til!


Først og fremst vil eg at vi skal snu oss tilbake om ein månads tid og seia: Jaggu f...., fekk vi til å arrangera Norges aller første politiske litteraturfestival for meiningsberande litteratur i Odda 1.mai-helga 2016. Og det blei ein j.... bra festival både for publikum og forfattarar. Vi skapte noe heilt nytt, ut av nesten ingenting. Dette skal vi gjera om igjen til neste år, skal vi seia og klappa kvarandre nøgde på ryggen.


Det andre eg håpar på er at Oddingar og anna publikum lar seg bli overraska over møta med nye forfattarstemme, som dei knapt har hørt om før, men at dei etterpå tenker. Han eller ho skal eg jaggu meg lesa meir av. Han eller ho snakka jo eit språk som eg kjenner meg heime i. Og eg visste ikkje ein gong at vedkommande fanst.

5: Hva vil folk oppleve under og etter møte med de ulike arrangementene på Jernrosafestivalen 2016?


Dei vil oppleva 9 litterære møte med noen kjente Odda-stemmer: Knut Olav Åmås, Terje Kollbotn, Vidar Våde (ikkje politikaren, men arbeidardiktaren) og meg. Dei vil få eit nytt og overraskande møte med den gamle arbeidardiktaren, Kristofer Uppdal, ein av våre aller største, men også aller mest underkjende, m.a. fordi han ikkje høyrde til ved det litterære parnasset i hovudstaden, men fordi han arbeidde på anlegg om dagane og skreiv om nettene.


Dei vil også få oppleva ei av dei tydelege feministiske stemmene i norsk poesi  dag, Aasne Linnestå, med røter i Rjukan. Dei vil få oppleva to av dei mest særprega litterære stemmene I Norge i dag, Thure Erik Lund og Cathrine Knudsen, som på ulikt vis eksperimenterer med å skrive nedefrå.
Ein av dei viltraste poetane i Norge, Terje Dragseth, har også litt av kvart å by på.


Og til sist får dei oppleva to av dei aller nyaste arbeidarforfattarane landet vårt har å by på, Leif Østli frå Halden og den enno knapt publiserte Jan Kristoffer Dale frå Froland.


Vi håper mange finner veien til de ulike arrangementet og blir med på å skape bølger og dønninger i meningshavet etter festivalen.

Festivalpass kjøper du på denne nettsiden.
Festivalens egne sider finner du her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar